Mange vossingar spelar for lag i 3. divisjon i Hordaland og i Sogn og Fjordane. Simen Brekkhus herjar i Fana, Martin Dregelid og Bjarg overraska, medan Skage Storheim, Malvin Gjerde og Mathias Hovland må ned frå 3. divisjon med Fjøra til 4. divisjon. I Åsane jaktar Emma Støyva opprykk til Toppserien. Fbk-guru Sebastian Bolstad og journalist Ørjan Brattetveit snakkar med dei fleste av desse om årets sesong. Og alle må svara på spørsmålet om dei kjem heim til Fbk Voss igjen.

Og jakta på den beste spelar på Fbk Voss gjennom klubben si 100-årige historie nærmar seg slutten.