Avdelingsleiar for Voss interkommunale legevakt, Elin Seim, opplyser at ordninga skal vera ei forbetring.

– I alle år har legevakta tatt i mot pasientar i lokale på Voss sjukehus på ettermiddag, kveld og høgtid, men på dagtid har det vore ei rullering mellom legekontora i heradet. Det betyr at dei som ikkje har fastlege på Voss har måtta oppsøkt ulike legekontor alt etter kven som har akuttvakta den dagen, forklarar Seim.

Tidlegare ordning på daglegevakt

Tidlegare var det Vossevangen legesenter, Vangstunet legesenter (Bygdelegane), Voss legekontor og Vossamed (nedlagt ved årsskiftet) som rullerte på daglegevakta.

Vossevangen legesenter hadde to dagar i veka med akuttvakt og dei tre resterande legekontora hadde ein dag i veka.

Hensikta med den nye ordninga er å samla det akuttmedisinske miljøet på ein stad. No vil beredskapen vera knytt til legevakta lokalisert på Voss sjukehus heile døgeret, alle dagar.

– Det å ha ein lege som er dedikert til akutte hendingar og utrykkingar blir ein god beredskap for dei som ikkje har fastlege på Voss, seier Seim.

Ho legg til at ordninga også er med å skjerma allmennlegane for uventa aktivitet.

– Fastlegane har likevel beredskap for å gje eigne listepasientar vurdering og behandling ved akutt sjukdom og skade, som før, forklarar Seim.

Tek akuttfunksjonen ut frå legekontora

Seim informerer om fleire tilfelle der pasientar har oppsøkt Voss sjukehus på dagtid for å få hjelp av legevakta.

Dette har blitt ein bomtur og er uheldig for pasientane som treng akutt hjelp, då akuttberedskapen har vore på ulike legekontor på Vangen.

Ynskje om ei endring har derfor lege i korta over lang tid. For å få det til å gå opp fortel Seim at dei vore avhengig av ei stabil legegruppa, samtidig som den ordinære fastlegedrifta måtte opp å gå.

– At ordninga kjem no er rett og slett på bakgrunn av ei stabil legedekning i Voss herad.

Kommuneoverlege i Voss herad, Eystein Hauge, fortel at det er to turnuslegar frå heradet som tek kvar sin dag i veka med akuttvakt. Dei tre resterande daglegevaktene er det legar frå Voss legekontor som overtek.

– Når me dimensjonerte dei nye listene på Voss legekontor i fjor tok me høgde for endringa av legevakta. Det er totalt ni fastlegar på Voss legekontor som skal ha akuttvakt kvar sin dag, kvar tredje veke, forklarar Hauge.

Auka beredskap og betre brukaroppleving

Hauge fremjar to hovudmål med den nye legevakt ordninga.

– Me har eit ynske om auka beredskap og betre brukaroppleving.

Seim presiserer at den nye ordninga fyrst og fremst vil gagna tilreisande som vert utsett for livstrugande sjukdom og dei som ikkje har fastlege på Voss.

– Det kan vera alt frå studentar, turistar, hyttefolk eller andre som tilfeldigvis reiser forbi Voss. Blir ein akutt sjuk og ein er på Voss er det vårt ansvar, seier ho og held fram:

– Det er viktig å få fram at innbyggjarane i Voss herad som har ein fastlege fyrst og fremst skal ta kontakt med sitt legekontor, også når det er noko som ikkje kan venta til neste dag. Legevakta skal berre handtera det som ikkje kan venta når fastlegekontoret er stengt, eller dersom ein ikkje har fastlege på Voss.

– Hjarta mitt ligg hjå pasientane mine

Fastlege og tillitsvald ved Vossevangen legesenter, Petter Røhmesmo, ynskjer den nye ordninga hjarteleg velkomen.

– Det er ikkje til å leggja skjul på at me i samband med fastlegekrisa har opplevd daglegevakta som ein belastning for legekorpset. At det skjer ei endring og ein set i gang med tiltak for å letta den generelle belastninga på kvart legekontor tyder på at heradet tek fastlegekrisa på alvor, seier han.

I tillegg til meir føreseielegheit for dei som ikkje har fastlege på Voss vil den nye ordninga føra til at fastlegane på Vangen får meir tid til sine eigne listepasientar.

– Hjarta mitt ligg hjå pasientane mine, og eg ynskjer at dei skal oppleva både god kvalitet og oppfylging frå meg. Dei dagane me har hatt akuttberedskap har eg måtta halda av ein del ledig kapasitet med tanke på uføresette hendingar, dette er tid eg no kan nytta på listepasientane mine.

Styrkar legevakta sin funksjon

Røhmesmo peikar også på at samlinga av akuttberedskap på ein stad vil styrkja legevakta sin funksjon.

– Eit døme er legevaktbilen som alltid står klar og er godt utrusta med mykje utstyr. Når me hadde daglegevakt på Vangen fekk me ikkje nytta oss av bilen i same grad. Det er jo ein stor ressurs som kostar mykje pengar.

Han legg til at det ikkje er uvanleg at dei må ta røntgen av pasientar som oppsøkjer akutten. I slike tilfelle viser dei pasienten til Voss sjukehus, og det tek lenger tid enn nødvendig før pasienten får hjelp.

– Eg vil seia at den nye legevaktordninga er ein vinn-vinn-situasjon. Det lettar arbeidet for oss som er fastlegar og pasienten får fleire fordelar ved at me no samlokaliserer legevakta.