RASSTADEN: Steinblokka har truleg losna 50 til 100 meter over bakken. Delar av blokka har hamna i sjøen. Foto: Torstein Mehus

Ras sperrar inne 15-20 fastbuande

Raset i 12.00-tida gjekk ved Sverrestuven på Toskedalsvegen, like før Gammersvik nord på Osterøy.

Området ligg i Vaksdal kommune, og høyrer til Stamnes krins.

Ingen er tekne av raset, seier Otto Grøsvik som er ein av dei fastbuande.

– Det er heller ingen som har sett at raset gjekk, legg han til.

Har tinga geolog

Torstein Mehus er avdelingsleiar for kommunalteknisk drift i Vaksdal kommune.

Han har vore på synfaring på rasstaden.

— Delar av vegbanen er forsvunnen og vegmuren har rasa ut i ei lengd på 15—20 meter, seier han til Hordaland.

Steinblokka har truleg 50-100 rasa ut meter over vegbanen.

– Me skal få inn geolog. Inntil vidare vil vegen vera stengd for både gåande og køyrande, seier han vidare.

RASOMRÅDET: Sverrestuven, like ved Gammersvik nord på Osterøy. Foto: Siri Fjørtoft

Transport

Kommunen lover å syta for transport for fastbuande og hyttefolk.

– Me skal setja opp skyssbåt klokka 20.00 frå Gammersvik til Stamnes i kveld, med retur 20.30. Det vil og verta organisert skyss slik at folk kjem seg til og frå jobb. Vert det behov for transport av bilar, må me få sett inn ei ferje, understrekar Mehus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gammersvik, Grøsvik og Toskedal er råka av dette raset. I desse tre bygdene er det til saman mellom 15 og 20 fastbuande.

Les også
Geolog skal vurdera rasstaden på ny i vår
Les også
Ryddinga etter jordraset i Stamnes har starta
Les også
61 fastbuande isolerte etter jordras