KARANTENERÅKA: Hardanger produksjonsskule har send elevane heim, då dei er sette i koronakarantene. Foto: Privat

Elevar og tilsette sett i koronakarantene

Torsdag ettermiddag vart elevane køyrde heim frå produksjonsskulen i Ulvik, då dei er sett i koronakarantene. Dei tilsette på Hjeltnes er også i karantene.

Det var tysdag i forrige veke at ein elev ved skulen vart send heim fordi han ikkje var heilt i form. Denne veka vart vedkommande koronatesta. Torsdag kom melding om at testen var positiv.

Alle medelevane på produksjonsskulen er definerte som nærkontaktar, og er dermed i karantene med tilbakevirkande kraft til tysdag i forrige veke. Elevane, som er busette i heile Vestland fylke, vart køyrde heim med skulen sin minibuss torsdag ettermiddag. Seks tilsette er også definerte som nærkontaktar.

– Men me set alle 22 tilsette i karantene. Kommuneoverlege Unni Solem har sagt at karantenen varar fram til laurdag, seier avdelingsleiar på skulen Håkon Gjerde, og opplyser at handteringa skjer i samarbeid med kommuneoverlege Unni Solem.

INGEN MED SYMPTOM: Håkon Gjerde fortel at ingen tilsette eller andre elevar enn den med positiv test har vist symptom på korona per fredag føremiddag. Foto: Sigrid Seim

Kommuneoverlegen presiserer at det berre er seks av dei tilsette som er definerte som nærkontaktar til den smitta, og at karantenepålegget berre gjeld desse seks.

– Men alle dei 22 tilsette får tilbod om å testa seg, seier Solem, som også opplyser at det er gjeve melding til smittevernansvarlege i heimkommunane til elevane slik at dei også kan få testa seg.

Per fredag ettermiddag var det ikkje komme svar på nokon av testane.

Dermed vert 16 elevar og 22 tilsette testa for korona. Gjerde seier at ein ventar svar på testane i løpet av helga. Utanom eleven med positiv test har ingen elevar eller tilsette symptom på korona, fortel Gjerde.

– Sånn sett er me optimistar, og håpar å vera i drift att, med elevar på plass, alt på måndag, seier Gjerde, som sjølv var på veg ut dørene for å testa seg då Hordaland snakka med han fredag morgon.

Han opplyser at elevane i liten grad vore ute mellom andre folk i Ulvik siste tida. Nokre av fagskuleelevane i Lokal matkultur har vore på skulen denne veka, men har ikkje vore i kontakt som gjer at dei må i karantene.

Fagskuleelevane i arborist og gartnar har ikkje vore fysisk på skulen to siste vekene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Produksjonsskulen har for tida noko over 20 elevar, men nokre av dei har ikkje vore til stades på skulen i karanteneperioden som strekkjer seg tilbake til tysdag i forrige veke.