20 I KARANTENE: Etter at det er påvist koronasmitte på to personar i Eidfjord er 20 personar i karantene, og hushaldsmedlemmene deira er i ventekarantene. Foto: Sigrid Seim

20 i karantene i Eidfjord

Ein nærkontakt til personen ved Eidfjord bygdaheim som har testa positivt for covid-19, har teke ein hurtigtest som også er positiv.

I ei oppdatert pressemelding frå ordførar i Eidfjord, Anders Vatle, går det fram at ein person som er nærkontakt med personen i Eidfjord som har testa positivt for korona, har avlagt ein positiv hurtigtest.

Vatle fortel at kommunen har arbeidd i heile dag med å få oversikt over utbrotet, og nærkontaktar.

Fleire i ventekarantene

«Ein bebuar på Eidfjord bygdaheim er bekrefta smitta, og det er ein positiv hurtigtest på ein av nærkontaktane. Dette gjer at ein nett no har definert 20 nærkontaktar med tilhøyrande hustandsmedlemmer i ventekarantene. Slik me vurderer situasjonen no, har me god oversikt over utbrotet», skriv Vatle.

Dei fleste nærkontaktane er no kontakta, og smittesporarane jobbar med å få tak i dei siste, fortel ordføraren.

JOBBAR FOR Å FÅ OVERSIKT: Anders Vatle, ordførar i Eidfjord. Foto: Karl Ystanes

Vidare går det fram av meldinga laurdag kveld at alle bebuarane på Bygdaheimen har fått tilbod om testing, og alt personale vil så snart det er råd verta testa for å få kontroll over utbrotet.

«Eidfjord bygdaheim vil inntil vidare vera stengd for besøkjande. Utover dette er det per no ikkje innført lokale tiltak i Eidfjord. Me minner om at alle må følgja nasjonale retningslinjer og vera særskilt merksame på symptom. Ved symptom ber me om at de held dykk heima og tek kontakt med doktarkontoret på måndag for å avklara eventuelt behov for testing.», skriv Vatle.