Kl. 11.25 kom rundt 30 politimenn, fordelt på ti bilar, til Rong for å få vekk demonstrantane som hindra utbygginga av kraftmastene i Hardanger.

- Me lammar arbeidet veldig ved at me sit på containerane som inneheld utstyret dei skal bruka, forklarer Synnøve Kvamme.

Etter åtvaring frå politiet om at dei hadde fem minutt på å flytta seg om dei ikkje ville verta bøtelagt, gjekk tre av dei ut or området. Kvamme og Magne Hagesæter stod att. Begge vart løfta ned av politiet.

Synnøve Kvamme og dei andre aksjonistane var sjokkerte over ressursbruken til politiet på denne saka.

- Eg er heilt sjokkert. Når staten skal ha noko, då har dei ressursar, seier Kvamme.

No er begge på veg til Bergen politistasjon. Bøtene skal vera på 10000 kroner.

- Eg skal i alle fall ikkje betala noko bot, det er sikkert, konstaterer Kvamme.