annonse

43 kontrollerte ved Seimsvatnet

EITT BRUKSFORBOD
EITT BRUKSFORBOD: Trafikkontroll Seimsvatnet onsdag 17. april. Ein sjåfør fekk bruksforbod for ein tilhengjar som mangla ljos. (Foto: Statens vegvesen)

Vegvesenet delte ut sju gebyr onsdag, då dei hadde trafikkontroll på E16 ved Seimsvatnet.

Karl Ystanes

Statens vegvesen hadde fyrst på dagen den 17. april kontroll ved Kvåle, men flytta seg deretter nedover langs E16 til rasteplassen ved Seimsvatnet.

I løpet av dei to kontrollane vart 43 lette køyretøy kontrollerte, og hovudfokus var trafikktryggleik i påsketrafikken, kontroll av førarkort, vognkort, dekk, beltebruk og lastesikring i personbil.

Vegvesenet melder at resultatet vart eitt bruksforbod grunna manglande ljos på tilhengjar, to dekkgebyr, tre gebyr for ikkje å ha med vognkort og to for ikkje å ha med førarkort.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse