Trafikkontroll Seimsvatnet onsdag 17. april. Ein sjåfør fekk bruksforbod for ein tilhengjar som mangla ljos.
Trafikkontroll Seimsvatnet onsdag 17. april. Ein sjåfør fekk bruksforbod for ein tilhengjar som mangla ljos. Foto: Lars Helge Rasch

43 kontrollerte ved Seimsvatnet

Vegvesenet delte ut sju gebyr onsdag, då dei hadde trafikkontroll på E16 ved Seimsvatnet.

Statens vegvesen hadde fyrst på dagen den 17. april kontroll ved Kvåle, men flytta seg deretter nedover langs E16 til rasteplassen ved Seimsvatnet.

I løpet av dei to kontrollane vart 43 lette køyretøy kontrollerte, og hovudfokus var trafikktryggleik i påsketrafikken, kontroll av førarkort, vognkort, dekk, beltebruk og lastesikring i personbil.

Vegvesenet melder at resultatet vart eitt bruksforbod grunna manglande ljos på tilhengjar, to dekkgebyr, tre gebyr for ikkje å ha med vognkort og to for ikkje å ha med førarkort.