Ved midnatt natt til tysdag var det registrert 99.249 koronasmitta personar i Noreg sidan utbrotet starta på nyåret i fjor. Foto: Jil Yngland / NTB / NPK

573 nye koronasmitta siste døgeret

Det siste døgeret er det registrert 573 koronasmitta i Noreg. Det er éin færre enn dagen før og 416 færre enn same dagen førre veke.

I Oslo vart det registrert 198 nye koronasmitta siste døgeret. Det er like mange som dagen før, men 35 færre enn snittet dei sju tidlegare dagane.

Ved midnatt natt til tysdag var det registrert 99.249 koronasmitta personar her i landet sidan februar i fjor, viser førebels tal.

Dei siste sju dagane er det registrert til saman 5110 nye smittetilfelle i Noreg. 4,7 millionar koronatestar er til no utførte her i landet.

I alt 704.362 personar har fått fyrste dosen av koronavaksinen, og 284.700 personar har fått andre dosen. Dermed vil talet på sette vaksinar truleg passera millionen tysdag eller onsdag denne veka.

Måndag var 295 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var fire færre enn dagen før.

Til saman er 676 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebels tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

62,9 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 14 dødsfall i Noreg.

(©NPK)