SNØFRES: Bane Nor sine snøfresarar på Bergensbanen. Foto: Bane Nor

60 passasjerar vert henta frå Finse etter ras

Bergensbanen vart stengt over fjellet etter eit snøras sundag morgon. Passasjerar på Finse vil bli henta ned med morgontoget frå Oslo, opplyser Ingunn Halvorsen i Bane Nor i ei pressemelding.

Raset gjekk ved Klevanosi mellom Hallingskeid og Myrdal om morgonen sundag 15. mars, ikkje langt frå staden der det rasa 17. februar. Eit arbeidstog køyrde inn i raset, men kom seg laus for eiga maskin.

Må vera føre var

Brøytemannskap har vore på staden og rydda sporet, men det er framleis snøskavlar i terrenget ovanfor banen. Banen vart i fyrste omgang stengt for persontrafikk mellom Geilo og Mjølfjell.

– På grunn av den spesielle situasjonen med smittefare, og at det i tillegg har gått fleire ras tidlegare i vinter, vil me vera føre var. Me ynskjer absolutt ikkje at eit tog med mange menneske om bord skal bli ståande på fjellet, seier områdedirektør Tony Dæmring i Bane NOR.

Stengt for persontrafikk

Rundt 60 personar er på Finse og skal reisa ned frå fjellet.

Strekninga aust for Finse vil derfor bli opna slik at morgontoget frå Oslo kan henta desse og returnera austover. Strekninga vest for Finse vil framleis vera stengt for persontrafikk heilt til Mjølfjell.

Vy organiserer alternativ transport for passasjer som alt er på toga mellom Oslo og Bergen. Toga elles mellom Oslo og Bergen sundag er innstilte. Sjå vy.no og Vy-appen for detaljar.

Godstoga går som normalt

Varetransporten over fjellet er høgt prioritert for å frakta mat, medisinar og andre nødvendige varer.

Det er oransje beredskap på strekninga, som vil seia at det blir køyrt ekstra kontrollar og brøyting før kvart tog.

Det blir gjort ei ny vurdering av situasjonen på Bergensbanen måndag morgon.

Sjølv om den vanlege togtrafikken er redusert, kan det koma godstog og arbeidstog på sporet når som helst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bane NOR minner om at det er livsfarleg og forbode å kryssa jernbanen utanom planovergangar.