STOD FAST: Familien Marco (t.v.), Thomas, Siv Elise, Isabel og Francesco Seland Montemesola stod faste i kolonna mellom vest og aust på Hardangervidda laurdag. Foto: Privat

Familien Seland vart evakuerte frå Hardangervidda

Siv Elise Seland og familien er mellom dei 67 personane som vart evakuerte frå Hardangervidda i uvêr.

Laurdag føremiddag vart ei kolonne med 19 personbilar og ein lastebil evakuerte frå fjellet.

Siv Elise Seland og familien var på veg heim til Jæren etter vinterferie på Geilo.

– Me køyrde i kolonne, men så plutseleg sa det stopp. Me køyrde forbi to bilar som tydeleg hadde hatt eit samanstøyt, så me skjønte det kunne ha ein samanheng med det. Det som var litt skummelt var at me stod midt på fjellet med eit vanvitig vêr og dårleg sikt, i tillegg til at me ikkje visste kor lenge me vart ståande, fortel Seland til Hordaland.

Like før klokka 14.30 passerte familien endeleg Leiro bom på veg ned frå fjellet.

– Me køyrer framleis i kolonne, men no er det mykje betre vêr enn det var på toppen. No ser me fram til å stansa ein plass der me kan kjøpa mat og få gå på toalettet, seier ho.

DÅRLEG SIKT: Det var dårleg sikt, mykje vind og snøfokk over Hardangervidda då kolonna måtte evakuerast ut frå fjellet laurdag. Foto: Siv Elise Seland

Planen er å koma seg heim

Turen deira starta frå Geilo tidleg laurdag morgon, og planen er framleis å køyra heimover mot Jæren i løpet av laurdagen.

– Me har fylgt med på vêrmeldingane heile helga, og såg at vegen over Hardangervidda var open for kolonnekøyring. Me følte oss heldige som kom med på den siste kolonnen, men i ettertid kan me kanskje seia at me ikkje var så heldige, seier Seland.

Ho og resten av familien er ved godt mot, men borna byrjar å bli litt utolmodige i baksetet.

– Me er glade for å ha kome oss trygt ned frå fjellet. På eit tidspunkt oppe på fjellet var det veldig dramatisk for oss då brøytebilen kom berre nokre få centimeter frå bilen vår.

Bestemte seg for å snu

Ifylgje politiet vart det bestemt at kolonnen som var på veg frå vest til aust, skulle snu og køyra tilbake til vest mot Maurset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det som har skjedd på fjellet er at det har vore eit mindre trafikkuhell, i tillegg til at fleire bilførarar har køyrd seg faste med bilane, seier vakthavande Terje Magnussen hjå Vest politidistrikt.

Klokka 14.43 vart evakueringa avslutta.

– Alle er komne ut av fjellet. To bilar står att i fjellet og vil bli berga seinare, melder politiet på Twitter.

Trafikkuhellet skal ha vore lite, og ingen personar vart skadde etter hendinga.

Hjelper til med naudsynt utstyr

Ifylgje 110-sentralen på Twitter var brannvesen frå Voss, Eidfjord og Bergen på staden for å hjelpa til med naudsynt utstyr og snøscooter.

– Brannvesenet bidreg med personell og snøscooter i samband med evakueringa frå fjellet.

Ifylgje vêrmeldinga var det kraftig snøfokk, kraftige vindkast og betydeleg snøskredfare i området.