712 nye koronasmitta siste døgeret – 227 færre enn for ei veke sidan
Det siste døgnet er det registrert 712 koronasmitta i Noreg. Det er 283 fleire enn dagen før, men 227 færre enn same dagen førre veke.
I alt var det ved midnatt natt til onsdag registrert 56.615 koronasmitta personar her i landet, viser førebels tal frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).
Dei siste sju dagane er det registrert til saman 4435 nye smittetilfelle i Noreg. I alt var det gjennomført 3 millionar koronatestar her i landet fram til tysdag.
149 koronapasientar var tysdag innlagde på sjukehus. Det er to fleire enn dagen før.
Til saman 482 koronasmitta personar er døde i Noreg sidan mars, viser førebels tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.
64,7 prosent av dei døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om ni dødsfall.
(©NPK)