Frivllig innsats: Dei stiller meg glede opp for Nabobeino. Frå venstre Ingfrid Grevle, dagleg leiar Kristin Kvåle Kjeilen, dagleg leiar Kjellfrid Skutlaberg og Geir Tyssedal. Foto: Lars Olve Hesjedal

– Å hjelpa andre er å hjelpa seg sjølv

– Kvifor Nabobeino har halde på i 20 år? Fordi at ved å hjelpa andre, så hjelper me også oss sjølve.

Det seier Kjellfrid Skutlaberg og Kristin Kvåle Kjeilen, som begge har 50 prosent stilling som dagleg leiar i frivilligsentralen på Voss.

Torsdag var den internasjonale dagen for frivilleg arbeid. Det markerte dei, saman med åtte frivillige, ved å stilla opp i Vangsgata med plakatar, smil og ein invitasjon til forbipasserande om kaffi og ein prat.

Les også
Nabobeino markerte frivillig innsats

14 på kafé

– Me fekk ideen til stuntet etter å ha sett ein film som Frivillig Norge laga for nokre år sidan, der ein person inviterte folk som venta på bussen til ein prat og ein kaffi kopp. Er mange einsame der ute. Men, tør dei å drikka kaffi saman med ukjente? Tør dei å bli kjende med andre menneske? Eller berre hastar dei vidare fordi dei ikkje har tid?

– 14 personar vart med oss på kafé for ein prat. Det var mykje latter og prat. Både dei frivillige og dei som blei med på kafé hadde det veldig koseleg og synes dette var eit bra tiltak.

Målet med stuntet i gata var rett og slett og visa fram Nabobeino og noko av dei driv med: Den gode samtalen.

Les også
Frivillige organisasjonar etterlyser fleirbruksanlegg i sentrum

130 frivillige

Voss frivilligsentral Nabobeino på Voss held til i kjellaren på Haugatun, og har ei rekkje tilbod til dei som ynskjer det: Middag, fylgjetenester, turgrupper, datahjelp, norskopplæring, strikkekafe, treningstilbod, reisetilbod til varmare strok, natteramnar (inkludert MC-ramnar - altså natteramnar på motorsykkel) og karalag (møteplass for menn).

I tillegg har dei ein del informasjonsarbeid opp mot ungdom, både i og utenfor skuletida.

Kristin Kvåle Kjeilen og Kjellfrid Skutlaberg er dei einaste tilsette.

– Me har totalt rundt 130 frivillige, inkludert natteramnar, og dei gjer ein kjempegod innsats.

Det er ikkje vanskeleg å spørja folk om hjelp, seier dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men, me treng stadig fleire, og me ser ei stor endring i kva folk treng hjelp til det siste året. Mange treng hjelp til faste oppdrag som turvén ein gong i veka eller besøksvén og oppdrag som til dømes flytting. Dette har me få frivillige som tek. Dette er noko me treng mange fleire til.

Berikande i kvardagen

To av dei frivillige er Geir Tyssedal og Ingfrid Grevle.

– Å hjelpa andre, og få eit smil tilbake, er heilt fantastisk. Det er berikande i kvardagen min, og det gjer noko med meg som menneske, seier Geir Tyssedal som har vore frivillig for Nabobeino i 12 år.

– Eg hjelper til med ting som fylgjeteneste, snørydding og å bera ved, legg han til.

Ingfrid Grevle har vore frivillig i rundt eitt år.

– Det er kjekt å ha noko å gjera når ein er pensjonist, seier ho.

Kristin Kvåle Kjeilen og Kjellfrid Skutlaberg strekar under at dei aldri hadde klart å gjera jobben sin utan mange gode hjelparar.

- Me set pris på kvar og ein av dei frivillige! Heilt fantastisk at det er så mange der ute som ynskjer å gjera einkvan ei beine! Drivkrafta vår er å hjelpa andre. Ved å gjera det, vert me også sjølve del av eit fellesskap, seier dei.