Gå til sidens hovedinnhold

Aksjonistar og skodde hindrar helikopter

Artikkelen er over 10 år gammel

HARDANGER: Ti kraftlinjeaksjonistar fekk i føremiddag pålegg om å fjerna seg frå eit anleggsområde i Fyksesund.

Statnett og entreprenøren Dalekovod vart frå morgonen av i dag hindra i å nytta helikopter til transport av kontainerar frå Klyve i Fyksesund. Ti aksjonistar frå Hardangeraksjonen fekk deretter skriftleg krav frå Statnett om å fjerna seg frå staden innan kl 9.15.

Omfattande forbod

- Kravet gjeld dessutan heile anleggsområdet for kraftlinja frå Bjølsegrøvatnet til Mødalsvegen, opplyser nestleiar i aksjonen, Anita Aalvik.

Aksjonistane valde i første omgang å fylgja oppmodinga, fordi det likevel var skodde som hindra flyginga. Seinare på dag vart det flyvêr, og aksjonistane hindra på ny at kontainerar vart foke ut.

Førebels ikkje politi

Politi har så langt ikkje vore på staden, og Aalvik seier dei vurderer etter kvart om aksjonen vil verta ført så langt at det vert aktuelt med bøtelegging.

Onsdag vart også utflyging frå staden stogga, av ein mann. Han var tilfeldigvis i nærleiken då han såg kva som var i ferd med å skje.

Ferdsleforbod for Gudrun

Ved ein aksjon 18. august vart det elles nytta politi for å få bort fem aksjonistar frå eit mastefeste nær Lussandstølen i Granvin. Fire stakk av garde før konfrontasjonen, den femte, Gudrun Folkedal, fekk ferdsleforbod i fjellet mellom mastefeste 140 og til Kvanndalsgjelet, opplyser Anita Aalvik.