Gå til sidens hovedinnhold

Aksjonister stoggar Statnett igjen

Artikkelen er over 10 år gammel

Aksjonistar har i morgontimane onsdag hindra 30 arbeidarar frå Statnett å arbeida på eit lasteområde ved Rong rett utanfor Voss.

Allereie kl. 05.00 var aksjonistane, som for det meste er medlemmar av Hardangeraksjonen, på plass med bannarar og plakatar. På lasteområdet står mastedelar til kraftlinja Sima-Samnanger. Kl. 08.00 kom arbeidarane frå Statnett og vart då effektivt hindra i å komme seg inn på området. Ni konteinarar med mastedelar, kompressorar og forskalingsmateriell står på området som aksjonistane har tatt over.

Aksjonistane fryktar at mastedelane skal brukast til å setja opp master ved Grubbafjellet og vidare gjennom Bjølsegrø, mot Fyksesund. Aksjonistane er budde på å verta der i fleire dagar. Dei vil gjera det dei kan for å stogge denne nye fasa av byggeprosessen og kjem ikkje til å flytta seg friviljug, heiter det i ein e-post frå aksjonistane.

Dei omtala slaget onsdag som «D-dagen» for Hardanger.