KARTLEGG: Pressesjef Nina Schage hjå Vy stadfestar at dei som var i same vogna som mannen, må i heimekarantene. No jobbar Vy med å kartleggja kven dette gjeld. Foto: Pressefoto

– Alle som var i same togvogna som mannen, må i heimekarantene

Vy arbeidar med å koma i kontakt med dei passasjerane som var i same vogna som mannen som pusta på folk. – Dei som oppheldt seg i same vogna som han, må i heimekarantene, seier pressesjefen.

Fredag ettermiddag gjekk ein mann i 30-åra rundt omkring på eit tog mellom Oslo og Bergen og pusta på andre togpassasjerar.

Han hevda at han hadde blitt smitta av korona-viruset.

Om lag ein halvtime etter at politiet fekk melding, vart mannen arrestert.

– Dei tilsette opplevde dette som ein ubehageleg situasjon, men dei heldt fram å jobba etter at mannen vart teken vekk av politiet. Det siste eg høyrde frå styresmaktene er at mannen ikkje står på noko liste over å ha testa positivt på korona-viruset, seier pressesjef Nina Schage til Hordaland.

Les også
Slik såg det ut på toget – no må passasjerar i korona-karantene

Arbeider med å kartleggja

Laurdag morgon er Vy i gang med å kartleggja kven som var i same vogna som denne mannen.

– Den nye oppdateringa som me fekk frå styresmaktene, er at alle personar som var i same vogna som mannen må i heimekarantene. Det vert vurdert om dei skal testast eller ikkje, seier Schage.

– Kva skal dei som var i same vogn som mannen gjera, skal dei varsla dykk eller kva skjer?

– Dei skal vera i heimekarantene. Me jobbar med å kontakta dei som var i same vogn, men mannen kan ha bevega seg rundt i fleire vogner, svarar Schage.

Toget vart stoppa på Dale, og vart ståande der i ei god stund før det køyrde vidare til Bergen.

Då toget stoppa på Dale, var det rundt 60 personar til saman om bord på toget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me arbeider no tett med styresmaktene for å finna ut av kva me skal gjera med situasjonen.

Filma om bord på toget

Sturla Nilsen var ein av passasjerane om bord på toget som skulle frå Oslo til Bergen.

Han sende Hordaland ein video som syner pulver frå brannsløkkingsapparatet som mannen nytta då han vart arrestert av politiet.

Då Nilsen sende videoen, stod dei på Dale og venta på kommunelege og politi.

Les også
Mann hosta på togpassasjerar på Bergensbanen