Abeidarpartiet og Hans-Erik Ringkjøb er størst i førehandsrøystinga til kommunevalet på Voss.
Abeidarpartiet og Hans-Erik Ringkjøb er størst i førehandsrøystinga til kommunevalet på Voss. Foto: Rolf Tepstad

Ap størst i førehandsrøystinga på Voss

Arbeidarpartiet fekk 32,8 prosent av førehandsrøystene på Voss mot 28,3 % til Senterpartiet.

Mykje betre

Dei 2786 førehandsrøystene utgjer knapt 23 % av dei som har rett til å stemma på Voss. Førehandsrøystinga til AP syner eit mykje betre resultat enn Hordaland si meiningsmåling i august, som synte ei oppslutning for AP på vel 25 %.

Om valframmøtet vert det same i år som for 4 år sidan, kan førehandsrøystene utgjera om lag 1/3 av det samla røystetalet i valet på Voss.