annonse

Arbeidet med søkkjeholet snart ferdig

AVSLUTTA
AVSLUTTA: Etter nesten fire månaders arbeid, vert arbeidet med søkkjeholet på riksveg 13 ved Vetleflaten på Voss avslutta denne veka. Vegen vert asfaltert før helga. (Foto: Bjørn Sandnes)

I slutten av veka startar asfaltering av riksveg 13 forbi Vetleflaten på Voss, og det vert normal trafikk på vegen til helga.

  • Bjørn Sandnes

Det tyder at det har tatt nesten fire månader å reparera vegen, etter at det oppstod eit mange meter djupt søkkjehol i midten av mars.

Det var ei minst 150 år gammal kisteveit som går under vegen og jernbanen som kollapsa og som førte til at søkkjeholet oppstod.

Ei kisteveit er eit rektangulært dreneringsrøyr bygd av stein med steinheller på toppen.

Hellene knakk

Det er entreprenørverksemda Løne Maskin som har hatt jobben med å reparera vegen.

– Det var hellene som låg på toppen av denne gamle kisteveita som knakk. Det gjorde at vatn lak ut frå veita og etter kvart skylte med seg så mykje masse at søkkjeholet oppstod, seier dagleg leiar i Løne Maskin, Lars Løne.

TEKNISK
TEKNISK: Dagleg leiar Lars Løne i Løne Maskin seier at alt som kan tenkjast av teknisk infrastruktur låg under vegen der søkkjeholet oppstod. Det har vore ein av grunnane til at reparasjonsarbeidet har teke so lang tid. Foto: Bjørn Sandnes

Komplisert

Løne seier at dette har vore ein komplisert jobb.

Dei kom ikkje skikkeleg i gang med arbeidet før etter 4–5 vekes tid fordi det var mange ulike tilhøve som måtte avklarast.

– Alt som kan tenkjast av teknisk infrastruktur ligg under vegen her. Her er det høgspent- og lågspentkablar, vassrøyr, pumperøyr frå Tvildemoen og fiberkablar berre for å nemna noko. Me har grove oss ned nesten ni meter og har måtta få på plass seks ulike kummar. Under den største kummen måtte me fyrst støypa ein mange tonn tung sola for at den skal stå stabilt, fortel Lars Løne.

Lang tid

Løne seier han skjønar at folk undrar seg over at arbeidet har tatt so lang tid.

– På grunn av all infrastrukturen, har det ikkje berre vore å grava ut søkkjeholet og fylla det att. Når me fyrst kom i gang med arbeidet, har det gått bra. Me har hatt eit godt samarbeid både med kommunen, vegvesenet og Bane Nor. Men det er kjekt at arbeidet no endeleg går mot slutten, seier Lars Løne.

KUMMAR
KUMMAR: Seks ulike kummar har Løne Maskin sett på plass i høve reparasjonen av riksveg 13 ved Vetleflaten på Voss. Det har grove seg ned nesten ni meter under vegen. Foto: Bjørn Sandnes

Nattestengd

Grunna asfalteringa vert vegen stengd ved Vetleflaten frå torsdag 11.07. kl. 22.00 til fredag 12.07. kl. 06.00.

Det vert redusert framkome og manuell trafikkdirigering på staden torsdag og fredag.

Trafikantane må rekna med ventetid for å passera staden desse dagane.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse