Det er full utrykking til ulukka.
Det er full utrykking til ulukka. Foto: Daniel Melve Kvarme / arkiv

Arbeidsulukke ved Vøringsfossen

Ein mann skal ha falle frå eit stillas.

Det opplyser politibetjent Siri Andersen ved Voss lensmannsdistrikt.

– Det er snakk om ei arbeidsulukke på Hardangervidda i nærleiken av Vøringsfossen. Det er uvisst kor langt mannen har falle. Mannen skal vera bevisst, men har fått brotskadar, seier Andersen.

Ambulanse på staden

Meldinga kom inn like før klokka 11, og det vart sendt ut trippelvarsling.

– Ambulanse er på staden, og politi frå Voss har rykt ut, seier Andersen.