IKKJE SMITTA: Ein mann hosta på andre og sa han hadde korona-virus på Bergensbanen mellom Oslo og Bergen fredag kveld. No er det klart at mannen ikkje har korona. Biletet er frå arkivet, og nytta som illustrasjon. Foto: Lars Olve Hesjedal

Arrestert mann har ikkje korona

Mannen som vart arrestert etter at han pusta på folk på Bergensbanen har ikkje korona.

Mannen i 30-åra som vart arrestert på Ål stasjon fredag kveld, etter å ha hosta på andre passasjerar, var ikkje smitta av korona-viruset, opplyser Sør-Aust politidistrikt.

Fleire passasjerar på toget frå Oslo til Bergen må rett i heimekarantene etter at ein mann om bord på toget påstod at han var koronasmitta og pusta dei i ansiktet.

Ein video som passasjer Sturla Nilsen sende til Hordaland syner at toget vart nedspraya med pulver frå apparatet.