KRAFTIG VIND: Pass på lause gjenstandar, oppmodar meteorologane. Det er meldt om vind i styrke 25-28 meter pr sekund i ettermiddag. Illustrasjonsfoto Foto: Ingerid Jordal

Åtvarar mot kraftig vind på Vestlandet i ettermiddag

Meteorologane sender ut gult farevarsel for kraftig vind på Vestlandet i ettermiddag.

For Voss sin del, er det varsla fare for kraftige vindkast.

Meteorologane opplyser at dei har sendt ut farevarsel på gult nivå for vind på Vestlandet.

Vinden aukar på utover dagen, men roar seg ned i kveld og i natt.

– Ver forsiktig, ikkje dra ut i småbåt og hugs at lause gjenstandar kan bli tekne av vinden. Hald deg oppdatert på yr.no/farevarsel, oppmodar meteorologane.