Auka fare for snøskred i Hardanger og Voss
Faregraden for snøskred i desse områda er no oppjustert til 4. Det melder NVE måndag ettermiddag.
– NVE tilrår alle å halda seg unna skredterreng.
Tidlegare i dag var faregraden sett til 3 på skalaen, men no er den vorten flytta opp til 4, stor fare for snøskred i områda Hardanger, Voss, Helgeland, Indre Fjordane og Svartisen.
Naturleg utløyste skred
– Temperaturstigning, i kombinasjon med store mengder regn og nysnø i høgda, kan føra til ei svekking av vedvarande svake lag. Det er derfor venta at skred kan løysa seg ut av seg sjølv, seier snøskredvarslar i NVE Håvard Toft Larsen.
NVE opplyser at vedvarande svake lag kan vera vanskelege å kjenna att, og kan få fatale konsekvensar om det vert løyst ut. Typiske fareteikn ein må sjå etter, er drønn, skytande sprekker og ferske skred.
#snøskred Snøskredfaren i Indre Fjordane, Hardanger, Voss, Helgeland og Svartisen oppjusteres til stor fra onsdag 24. februar. ⚠️⚠️ NVE anbefaler alle å unngå terreng brattere enn 30 grader og utløpssoner for skred. 📷:Gunvor/Regobs https://t.co/YuYmQU3IgT pic.twitter.com/2Fcg3r1t55
— Varsom.no (@Varsom_no) February 22, 2021