SMITTA: Ein bebuar er smitta ved Vossestrand omsorgstun, melder heradet i ei pressemelding fredag. Foto: Katrine Nordanger Mjelde

Bebuar ved Vossestrand Omsorgstun smitta av korona

Ein bebuar på Vossestrand Omsorgstun har fått påvist korona.

Det melder Voss herad i ei pressemelding fredag.

– Vedkomande er utan symptom, men vart testa i samband med overføring til ein institusjon i ein annan kommune. Vedkomande er alt på plass i institusjonen utanfor kommunen, og vert teken hand om der, skriv heradet.

Vert fylgt opp

Kommuneoverlege Eystein Hauge har drøfta handteringa av den spesifikke situasjonen med Folkehelseinstituttet.

– Vossestrand Omsorgtun har lister over kven som har besøkt vedkomande, og både besøkande og familie vert fylgde opp som nærkontaktar. Det same gjeld for tilsette som har vore i kontakt. Alle nærkontaktar vert sette i karantene, og testa. Bebuarar som er på same avdelinga får ikkje forlata avdelinga inntil vidare, og Vossestrand Omsorgstun er inntil vidare stengt for besøk, seier Hauge.

Det er ukjent korleis bebuaren har fått smitten, og som ledd i smittesporinga vert alle bebuarane på Vossestrand Omsorgstun testa.

– Det er førebels ingen bebuarar med symptom på korona.

Eitt anna tilfelle

Torsdag kveld vart det også stadfesta eitt anna smittetilfelle.

Denne personen har milde symptom. Voss herad kjenner heller ikkje smittekjelda til denne personen, og driv smittesporing.

Dette tilfellet er ikkje kopla til Vossestrand Omsorgstun.