Men trass i tapet, vossingane starta best og sette inn to mål i løpet av den første halve timen. Det var Olav Skjeldal og Sondre Øvsthus Skutle som scora for Voss.

Bytte ut

Før denne kampen var FBK Voss alt klare for kvalifisering til andre divisjon og sidan kampen ikkje hadde noko seia for Voss, valde trenar, Petter Fossmark, å sleppa til yngre og litt meir urutinerte spelarar i kampen utover i andre omgang. Dermed vart den opphavlege startellevaren tynna monaleg ut. Då dommaren blæs av kampen like før klokka 21.00 i kveld var det berre fire av dei faste i startellevaren att på laget.

Kvalifisering neste helg

Laurdag 23. oktober skal Voss spela sin første kvalifiseringskamp for opprykk til 2. divisjon. Kven dei møter vert først kjent i morgon ettermiddag. Det står mellom Sotra, Austevoll eller Tertnes