Terje Breivik frå Ulvik.
Terje Breivik frå Ulvik. Foto: Stortinget

Bergen Venstre vil vraka Terje Breivik

Bergen Venstre vil kasta heile leiinga i Venstre, inkludert Terje Breivik frå Ulvik.

Bergen Venstre vil kvitta seg med heile partileiinga i Venstre og føreslår Sveinung Rotevatn til leiarvervet.

Korkje partileiar Trine Skei Grande eller nestleiarane Terje Breivik og Ola Elvestuen er med vidare i innstillinga som Bergen Venstre denne helga sende til valkomiteen i Venstre, skriv Bergens Tidende.

– Dagens leiartrio fungerer ikkje. Me treng nokon som er meir tydelege i viktige liberale saker, og som klarer å kommunisera betre ut til folk og internt i partiet. Derfor har me lagt ein heilt ny kabal, seier leiar Jo Lerheim i Bergen Venstre til avisa.

I staden for Trine Skei Grande ynskjer lokallaget Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane som leiar. Dei vil òg setja inn Guri Melby og Ida Johnsen som nestleiarar i partiet.

Rotevatn, Melby og Johnsen sit alle i Venstre sitt sentralstyre i dag.

Heile leiarskapen til partiet står på val under landsmøtet til Venstre i april neste år.