Bergensbanen er no opna, etter ein tidlegare brann
Bergensbanen er no opna, etter ein tidlegare brann Foto: Marita Saue Hamre/Arkiv

Bergensbanen er opna att

Etter å ha vore stengd sidan klokka sju torsdag morgon, er Ulrikstunnelen mellom Arna og Bergen no opna.

Det melder Bane Nor på sine trafikkmeldingar. Ein må framleis rekne med forseinkingar og instillinger, står det på nettsidene.

Brann i tunnelen

Tunnelen vart stengd i morgontimane då taket tok fyr, femti meter innanfor tunellmunninga på Arna-sida. Sidan då har all togtrafikk mellom Bergen og Trengereid stått stilt.

Store forseinkingar

Dette har ført til at fleire hundre vart råka av forseinkingar, og det vart sett inn buss for tog.

Tunnelen opna

– Feilen tek litt lenger tid å retta opp i enn antatt, sa pressevakt i Bane Nor, Randi Folke Olsen, då dei framleis arbeidde med tunnelen. Feilen er no retta opp i, og tunnelen er opna.