ENDRING: Helse- og omsorgsminister Bent Høie under regjeringa sin pressekonferanse om koronaviruset. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix / NPK

Besøksforbodet på sjukeheimar og sjukehus blir oppheva

Det er ikkje lenger besøksstans på sjukeheimar og sjukehus.

Det opplyste helseminister Bent Høie (H) på pressekonferansen onsdag.

– Besøksstansen me har hatt på helse- og omsorgsinstitusjonane våre, har råka hardt. Mange eldre på sjukeheim har ikkje hatt besøk eller har hatt avgrensa moglegheit for besøk, lenge. Det har vore tunge tider, sa Høie under pressekonferansen på onsdag om koronasituasjonen i Noreg.

– No har me fått epidemien under kontroll, og meiner det er trygt og rett at me i større grad opnar opp for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar. Derfor har me no endra tilrådingane for sjukehus og kommunane. Det er ikkje lenger besøksstans, sa Høie.

Helseministeren understreka at helse- og omsorgsinstitusjonane skal leggja til rette for at dei innlagde kan få besøk så langt det er mogleg og forsvarleg.

På føde- og barselavdelingane blir det òg opna for at fedrar kan vera der for mor og den nyfødde etter fødsel.

Råd og tilrådingar

Ynskja og behova pasienten har for besøk bør kartleggjast og vurderast ut frå forhold som kor alvorleg sjuk vedkomande er, forventa levetid, eventuelle kommunikasjonsvanskar, behov for nærleik og omsorg og lengda på institusjonsopphaldet, sier Høie vidare.

Det er Folkehelseinstituttet som har utarbeidd dei konkrete råda om korleis helse- og omsorgsinstitusjonar kan leggja til rette for besøk.

I tilrådingane heiter det at institusjonane må ha rutinar for praktisk gjennomføring av besøk og sjølve vurdera behovet for besøk opp mot smitterisikoen.

Pasientar kan få gåver, gå utandørs, og kommunane må så langt det er mogleg syta for å gjenopna dagtilbod som vart stengde under koronaepidemien, står det vidare i tilrådingane.

Tillit til institusjonane

– Nøyaktig korleis smitteverntiltaka blir der du skal på besøk, blir eit samarbeid mellom deg som pårørande og institusjonane. Forholda er ulike. Eg har mest tru på å la dei som er nærast utfordringane, også løysa dei, sa Høie.

– FHI og Helsedirektoratet har laga tilrådingar som har lagt vekt på at dei som jobbar der ute, skal ha fridom til å finna ut av korleis dette blir til, sa Høie, som innleidde pressekonferansen med å seia at menneske treng kvarandre og å vera saman, i kvardagen, i medgang, i motgang, i glede og i sorg.