STOR SNØSKREDFARE: Hovudredningssentralen ber folk vera varsame. Seinast sundag gjekk det eit stort skred over vegen mellom Sogndal og Hella. Dette er eit illustrasjonsfoto frå eit tidlegare skred i Myrkdalen. Foto: Sara Finne

Betydeleg snøskredfare i store delar av landet

Det er betydeleg snøskredfare, faregrad 3, på Vestlandet, i Nord-Noreg og i Sør-Noregt.

Måndag er det betydeleg snøskredfare nesten alle stader NVE gjev løpande oppdateringar for.

Det blir venta naturleg utløyste skred i Vest-Finnmark, Nord-Troms og på Vestlandet. Seinast sundag gjekk det eit stort skred over vegen mellom Sogndal og Hella, der det var usikkert om nokon var tekne av skredet.

Hovudredningssentralen Sør-Noreg (HRS) ber måndag morgon folk om å vera varsame. Dei påpeikar generelt ustabile forhold i snøen, med moderat til svake bindingar i mange brattheng. Sjølv ved lita tilleggsbelastning er skredutløysing mogleg.

– Ferdsel i skredterreng krev solid kunnskap, erfaring i ruteval og evne til å identifisera skredproblem. Generelt blir det tilrådd å unngå terreng brattare enn 30 grader og halda avstand til utløpsområde, skriv HRS på Twitter.

Under spesielle forhold kan det koma nokre store og enkelte svært store naturleg utløyste skred.

Laurdag var det stor snøskredfare, faregrad 4, fleire stader på Vestlandet. Sundag vart rundt 200 personar isolerte etter eit større snøskred i Fjordbukta nord for Alta.

(©NPK)