RYKTE UT: Ambulanse og politi rykte ut etter melding om ein bil som hadde gått rundt og hamna på taket i Modalen fredag kveld. Biletet er frå arkivet, og nytta som illustrasjon til saka. Foto: Illustrasjon

Bil hamna på taket i Modalen

Ein person var involvert i eit trafikkuhell i Modalen fredag kveld.

Politiet og ambulanse rykte ut til ein bil som hadde gått rundt og hamna på taket i Modalen fredag kveld.

– Det var store skadar på bilen, med ein person i bilen. Personen stod fram som uskadd, melde Vest politidistrikt på Twitter.

Hendinga skal ha skjedd ei stund før naudetatane vart varsla.