UTFORKØYRING I EKSINGEDALEN: Naudetatane rykkjer ut til Fosse i Eksingedalen der ein bil har gått rundt. Foto: Lars Olve Hesjedal

Bil gjekk rundt på glatten på fylkesveg

Ein bil gjekk rundt og hamna på taket på Fosse i Eksingedalen.

– Føraren har køyrt utfor vegen, gått rundt og hamna i grøfta med bilen. Det er føraren sjølv som har ringt og meldt frå om ulukka. Han var åleine i bilen, seier Jostein Pedersen hjå Voss lensmannsdistrikt.

Pedersen melder at føraren er uskadd, og at politiet vuderer å oppretta sak etter hendinga.

Uhellet skjedde litt etter klokka 07 tysdag morgon på fylkesveg 5410 gjennom Eksingedalen.

Snøvêr og glatte vegar

Over store delar av distriktet snøar det, og det kan vera vanskelege køyreforhold måndag kveld og tysdag morgon.

Mykje brøytemannskap er ute på vegane.

Både politiet og Vegtrafikksentralen åtvara måndag kveld mot glatte vegar, og oppmoda bilistar til å køyra forsiktig.

Også i Hisdal i Samnanger har ein bil køyrt utføre tysdag morgon, opplyser politiet.

Les også
Politiet åtvarar mot glatte vegar i heile distriktet
Les også
Tre bilar involvert i ulukke i Vinjadalen