LANGS E16: To personar var involverte i ei utforkøyring på Løno langs E16 fredag morgon. Foto: Marita Saue Hamre

Bil med to personar utfor vegen på E16

Fredag morgon var to personar involverte i ei utforkøyring på Løno langs E16.

Politiet fekk melding om utforkøyringa klokka 05.18 fredag morgon.

– Bil har køyrt av vegen. Ingen er fastklemte, melde dei i den fyrste meldinga.

Politiet opplyser til Hordaland at bilen hamna i eit lite tre, og at det var ein mann og ei kvinne i 50-åra som sat i bilen.

– Det er ein god del skadar på den eine sida av bilen, opplyser Jens Amit Sørheim hjå Voss lensmannsdistrikt.

Naudetatane rykte ut til hendinga.

Blei sjekka av helse

Klokka 06.11 opplyste politiet dei to personane vart sjekka av helsepersonell.

Det var mogleg å passera staden der utforkøyringa skjedde.

Politiet opprettar sak på hendinga, og etterforskar saka.