UHELL I TUNELL: Sundag kveld fekk ein bil vanskar i Stalheimtunnelen, og mista eit hjul. Kart: gulesider.no

Bil mista hjul i Stalheimtunnelen

Ingen personar vart skadde då bilen mista dekket i Stalheimtunnelen.

Vest politidistrikt melde sundag kveld om ein bil som hadde hamna i ei ulukke i Stalheimtunnelen.

Politiet melde fyrst at bilen hadde krasja i tunellveggen, men det var feil.

Bilen hadde berre mista eit dekk.

Ingen skadde i hendinga

Politiet melde at ingen vart skadde, men at bilen hadde bruk for bilberging.

Tunellen vart stengd i samband med uhellet, men etter ei stund vart det opna for manuell dirigering av trafikken, og klokka 23.17 melde Vegtrafikksentralen at vegen er open for fri ferdsel.