Då Hordaland var på staden i 16.30-tida, var det lange køar i området.
Då Hordaland var på staden i 16.30-tida, var det lange køar i området. Foto: Benjamin Berdous

Bilane stod i kø på Vossestrand i sju timar

Fleire trailerar køyrde seg fast på E16 mellom Vinje og Oppheim torsdag ettermiddag. Resultatet: fem kilometer stilleståande kø resten av kvelden.

Problema byrja i 16-tida torsdag, då snøvêret gjorde at ein trailer vart ståande fast på E16 mellom Vinje og Oppheim. Ein trailer som kom bak prøvde å køyra forbi, men sklei bakover og inn i traileren som stod der. Dermed var vegen totalt sperra, og kaoset eit faktum.

20 trailerar utan kjetting

Frank Nummedal var ein av dei fyrste som kom til staden etter at trailerane hadde sperra vegen. Han vart ståande i kø i nesten fire timar.

- Det var heilt kaos. Og det var fleire trailerar som ikkje hadde på kjettingar. Ein bør verkeleg tenkja seg om før ein legg i veg på slikt føre utan å vera skikkeleg skodd, seier han.

Byggjeleiar i Statens vegvesen, Bente Bergstø, fortel også om ein situasjon som mildt sagt var kaotisk.

- Til slutt var det 20 trailerar som sto fast opp Vinjadalen, utan kjettingar på. Dette medførte at både personbilar, redningsbilar og brøytebilar hadde problem med å koma seg fram, seier ho.

- Galskap

Trafikken hopa seg opp, og på det verste stod det kø heilt frå Sundve til Ure forbi Oppheim. Det er eit strekkja på kring fem kilometer. Ein mann frå Oppheim som kontakta Hordaland, fortel om synet som møtte han då han skulle køyra frå Oppheim-sida og ned mot Vinje.

- Eg møtte raskt køen ned mot Vinjadalen, og der ser eg trailer på trailer som står utan kjettingar. Fleire av dei byrjar å skli sidelengs ut i vegkanten. Og her har dei tenkt seg ned Vinjadalen, utan kjettingar på hjula. Ein treng ikkje å vera nemneverdig oppegåande for å forstå at det er galskap, seier han.

- Politiet må bøteleggja dei

Kring klokka 19.30 vart eitt køyrefelt opna, og trafikken vart dirigert manuelt i kolonnar. Men også her vart det problem. Fleire bilar skal ha køyrd seg fast på veg opp, og dermed vart vegen stengd på ny. Klokka 22.30 vart vegen opna att med manuell dirigering. Fyrst klokka 00.30 melde Statens vegvesen på Twitter at vegen var opna att for fri ferdsel. Då var det over åtte timar sidan problema starta tidlegare på dagen.

- Me som bur her oppe er vand med dette. Men det er likevel eit aukande problem. Her bør politiet gjera jobben sin, og bøteleggja dei trailersjåførane som legg i veg på dette strekket utan kjettingar, seier mannen.

- Ikkje skuld på sjåførane

Ein annan mann som ringjer inn til oss, meiner at det ikkje er trailersjåførane som skal ha all skulda.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg sto sjølv i køen i fire timar, og for meg såg det ut til at vegen absolutt ikkje var brøytt godt nok. I tillegg var kjettingplassen heilt nedsnødd, og det same var skiltet som syner veg mot kjettingplassen. Det vert feil å skulda alt på sjåførane. Hadde vegvesenet brøytt slik som instruksen seier at dei skal i Vinjadalen, så hadde ikkje dette skjedd, seier han.

- Brøytinga var god nok

Byggjeleiar Bergstø i Statens vegvesen er ikkje einig.

- Slik som me ser det, var brøytinga tilfredsstillande gjort på torsdag. Me brøyta kontinuerlig, og hadde alt utstyret ute heile dagen. Men når det er slikt snøfall, greier ein ikkje å halda vegen bar kontinuerleg, seier ho.

- Det er svært mange trailersjåførar, særleg utanlandske, som tek fatt på brekka opp Vinjadalen utan kjettingar. Og det var dette som forårsaka torsdagens kaos. Men det at kjettingplass-skiltet var nedsnødd visste eg ikkje. Det skal eg ta vidare med ein gong, seier ho.