BILBRANN: Ein nyare bil stod plutseleg i fyr og flamme i Bordalsvegen på Voss natt til laurdag. Ingen vart skadde i hendinga. Foto: David Skjerven/Voss brannvern

Bilbrann på Voss i natt: – Flammane stod ut av bilen

Ein bil med to personar tok fyr på Voss natt til laurdag.

Vest politidistrikt melde på Twitter at klokka 23.27 fredag vart det meldt om bilbrann på Himle langs Bordalsvegen på Voss.

Brannsjef i Voss brannvern, David Skjerven, bur ikkje så langt frå der brannen skjedde, og var fyrst på staden.

– Eg var den fyrste som kom til staden, og då var bilen nesten utbrent. Dei to personane som var i bilen kom seg ut. Føraren hadde sett at det kom flammar frå bilen, seier Skjerven til Hordaland.

Han opplyser at ingen vart skadde i brannen.

Flammane stod ut

Då Skjerven kom til staden brann det i motoren, og ut førarsida.

– Veit de årsaka til bilbrannen?

– Det er sjeldan at bilar brenn, og dette var ein ganske ny bil, så me stod der som nokon spørsmålsteikn og skjønte ikkje kva som hadde skjedd, seier Skjerven.

Brannen vart sløkt natt til laurdag. Vegen vart stengd ein periode etter brannen.

Les også
Ei kvinne har testa positivt for koronaviruset