annonse

Bilbrannar på Dale

RYKTE UT
RYKTE UT: Naudetatar rykte ut til Dale industriområdet. (Foto: Arkiv)

Brannvernet melde om brann i to køyretøy, ikkje langt frå bensinstasjonen på Dale.

Ørjan Brattetveit

– Brannvernet melder om brann i to køyretøy ved Dale industriområde. Nokre flammar frå bilane, skriv Vest politidistrikt på Twitter litt før 15.30.

Dette var altså like i nærleiken av bensinstasjonen. 

– Flammane skal ha stått opp etter husveggen til eit dekkhotell, men brannvernet  fekk raskt kontroll på staden, opplyser 110-sentralen i Hordaland.

Ukjent årsak

Kva som er årsaka til dei to brannane, er ifylgje politiet ukjent.

– Det er ikkje meld om personskadar, melder politiet.

Naudetatar rykkja ut. Og det vart raskt meld om at brannen var slukka.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse