TIL LEGEVAKTA: Ei dame i 20-åra vart send til legevakta etter ei utforkøyring laurdag føremiddag. Biletet er henta frå arkivet. Foto: Marita Saue Hamre

Bilførar til legevakta etter utforkøyring

Ei dame i 20-åra vart send til legevakta på Voss etter ei utforkøyring på riksveg 13.

Klokka 10.55 laurdag føremiddag rykte politiet ut til ei utforkøyring ved Flatlandsmo på riksveg 13.

– Bilen hamna utfor vegen, mellom bilvegen og gangvegen like etter bompasseringa på riksveg 13 mellom Voss og Granvin. Føraren, som er ei dame i 20-åra, vart send til legevakta på Voss sjukehus. Det er ikkje meldt om personskade, seier vakthavande Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

– Truleg glatt vegbane

Ifylgje Hausvik var vegbanen glatt der utforkøyringa skjedde.

Trafikken gjekk greitt forbi området då uhellet skjedde.

Politiet opprettar ikkje sak etter hendinga.