Avisa Hordaland

Nyhende

Bjørn og Laila i Bjørn West sitt rike

Bjørn og Laila i Bjørn West sitt rike

For Laila Bolstad og Bjørn Eikefet var det ein gammal draum som gjekk i oppfylling då dei overtok Stordalen Fjellstove i fjor.

annonse

Det er rundt eitt år sidan dei såg annonsen­ på Facebook der eigarane av anlegget ved Stordalsvatnet såg seg om etter nokon til å driva fjellstova vidare.

Dei driv også Heimalaga gardsmat frå Pøylo, som held til på Høvik i ­Eksingedalen.

– Me brukte ikkje lang tid på å realisera draumen om å driva ei fjellstove. No sit me her klare til ein ny sommarsesong, og har sjølvsagt eit heilt anna utgangspunkt no enn for eitt år sidan. No veit me meir om kva det vil seia å driva ei fjellstove ein haust, vinter og ein vår, seier dei to.

Bjørn West

Stordalen har eit eige historisk sus over seg, i alle fall for dei som har levd ei stund. Motstandskamp under siste verdskrigen og Bjørn West, kallar framleis fram bilete av ei tid me ikkje ser på med glede.

Bjørn West var ein av fleire Milorg-basar i det okkuperte Noreg. Den vart oppretta hausten 1944 og inneheldt om lag 250 soldatar stasjonerte i Matrefjella og Stølsheimen mot Bjordal.

– Fjellstova brann ned under ­krigen, brent ned av tyskarane. Men den vart bygd opp att etter krigen, og opna i 1949, fortel Bjørn.

Det tek ein liten halvtime å køyra frå Matre ved E39, opp til fjellstova i Stordalen. Ein veg som er både svingete og kronglete til tider, og spektakulær for dei som likar utsikt.

Etter rundt 20 km frå Matre, tek ein av til høgre mot fjellstova. Køyrer ein vidare, kjem ein ned att til Sognefjorden.

I 2015 vart fjellstova utvida, mellom anna med ein konferansesal. No har dei totalt 34 rom med 60 sengeplassar, 80 om ein tek med plassane med familiekøyer. Og så er det nokre hytter og eit anneks i tilknyting til fjellstova.

– Me har god plass altså, mange rom og faktisk ein bar i kjellaren, seier dei.

På framsida i andre høgda er det ein stor terrasse, med utsikt over vatnet som er kraftig nedtappa.

– BKK held på med vedlikehaldsarbeid, og så er det ikkje snø i fjellet heller, då, legg dei til.

 - FJELLSTOVA Banneret heng framleis på plass på fjellstova i Stordalen, etter at det var protestmarsj mot vindkraft der nyleg.  «Fjella er på lån frå komande generasjonar» står det skrive.

FJELLSTOVA: Banneret heng framleis på plass på fjellstova i Stordalen, etter at det var protestmarsj mot vindkraft der nyleg. «Fjella er på lån frå komande generasjonar» står det skrive.

Ein vinter med lite snø

Dei har lagt ein fattig snøvinter bak seg.

– Faktisk var det til tider meir snø heime i Eksingedalen i vinter enn her oppe, seier Laila.

Og nett det var ein dårleg start for vertskapet på fjellstova. Besøket har vore svingande, og skitrekket og skiløypene i området var ikkje like godt besøkte som vanleg.

– Det var stong ut, ja, men me har no klart oss og er klare for ein ny sesong, seier dei.

Eit selskap som byggjer kraftlinjer er i området.

annonse

– Dei hadde me meir eller mindre fast som gjester i fjor, og dei skal vera her i år også. Då tek me inn att mykje, sjølvsagt. Og me ser fram til fine dagar og mykje folk, seier dei.

Produksjonskjøkken

– Me hadde trong for større produksjonslokale, det var vel utgangspunktet vårt i fjor då me overtok her. Kjøkkenet me har heime på Høvik, vart for lite. Diverre vert det me har her for lite brukt til matproduksjonen vår. Me kunne selt mykje meir heimelaga mat. Men det har med tida å gjera.

Dei har også prøvt å få leiga lokale i næringsbygget i Modalen til matproduksjon, men har ikkje lukkast med det, så langt.

Sjølv om det vert lange dagar, så må dei ha litt fri også.

– Då må me reisa herifrå, og heldigvis har me god hjelp hjå familien, fortel dei.

Laila likar å måla i ledige stunder, og eitt av måleria hennar heng utanfor peisestova.

– Eg tek nokre timar hjå Jarle Midttun i Modalen. Tek meg tid, og dette er rett og slett kjekt, Teikning har eg drive på med så lenge eg kan hugsa, fortel ho.

Birøkt vert det også tid til. Ho har to kubar ståande ein stad i Eksinge­dalen, og er med i Modalen bi­røktarlag.

– Eg sel honning også, selje­honning frå Eksingedalen. Det er svært interessant å fylgja med alt som skjer i bikubane. Heldigvis treng dei ikkje dagleg tilsyn, legg ho til.

På kyrkjegarden

For elleve år sidan mista ho dottera Alva Eilein, som døydde av kreft.

– Eg har arbeidet med å slå kyrkjegarden på Eidsland, der grava hennar er. Og det arbeidet vil eg halda fram med, seier ho alvorleg.

Laila likar at det ser skikkeleg ut på utsida av kyrkja. Det som skjer på innsida har ho litt andre tankar om. Men nett det er ei privatsak.

– Vil du sjå deg om? spør Bjørn, og så får me ein liten runde i bygget. I ein krok står ein gitar, og me spør om dei spelar på han.

– Nei, kjem det kontant frå begge.

– Om lyst og evner er ein konstant faktor, så har de kanskje fått meir av noko anna de då?

– Pågangsmot, er svaret, på veg ned trappene til underetasjen som både har leikerom, bar og konferanserom.

Fjella på lån

Fjellstova ligg ved Stordalsvatnet 500 m.o.h. og er den vestlege innfallsporten til Stølsheimen.

Planar om vindkraft er som bannord her oppe, og på altanen heng framleis ein plakat etter turlaget sin aksjon nyleg.

– «Fjella er på lån frå komande generasjonar», står det på banneret på framsida.

– Nei fy flate, dersom det skulle koma slike innretningar her oppe hjå oss. Aldeles øydelagt, nesten alt i hop då, meiner dei.

Det var folksamt her oppe då over 500 menneske markerte motstanden sin mot vindkraft og turbinar.

Lagar sommarfestival

– Me planlegg heller for Fjellfestivalen me skal ha 21. og 22. juni. Då vert det både fjellyoga, god musikk, litt marknad og jonsokbål, seier Bjørn.

No er det berre dagar til dei opnar dørene for sommarsesongen, og dei held ope til godt ut i oktober.

– Berre vêret vert bra, vert resten godt også, meiner dei to.

Det er mykje arbeid og eit spesielt liv å driva ei fjellstove, men dei er ved godt mot.

– Me kjem nok ikkje til å vera her i årevis. Men, så lenge det er kjekt, så står me på. Og det er det no, understrekar dei, i gang med å få ein ny fryseboks på plass, ein til is.

Det er ingenting som gjer seg sjølv, korkje i fjellet eller i låglandet.

– Me vert i alle fall ikkje arbeidslause med det fyrste her oppe, smiler dei til avskjed.