Bjørnar Fosse Vaksdal inne til skyting på normaldistansen laurdag i Voss ski- og tursenter.
Bjørnar Fosse Vaksdal inne til skyting på normaldistansen laurdag i Voss ski- og tursenter.

Bjørnar imponerte på standplass

Fleire vossingar imponerte under vestlandsmeisterskapen i skiskyting.

- Før løpet syntest eg ikkje forma var heilt bra, men då eg starta å gå, kjendest det betre, seier Bjørnar Fosse Vaksdal (Voss Skiskyttarlag).

Han pustar ut etter eit tøft løp, der han heile tida var i tetstrid med Magnus Skeide Bakke frå Eid IL. I mål var Bjørnar 44 sekund før Magnus på 2. plass.

Tung snø

- Eg skaut ein bom på kvar serie. Det er bra til å vera meg, seier Bjørnar Fosse Vaksdal. Han har normaldistansen som sin favoritt, og laurdag gjekk dei tre gonger halvannan kilometer, med to liggjande skytingar.

- Det var temmeleg tungt å gå. Kunstsnøen er ikkje like glatt som vanleg snø, så ein må ha kondisjon, seier den unge skiskyttaren, godt nøgd med å vinna vestlandsmeisterskapen på heimebane.

Respekt

Tungt tykte også Silje Fosse at det gjekk, men ho klarte likevel å passera alle sine konkurrentar, og gjekk i mål to og eit halvt minutt før sin næraste konkurrent.

Silje Fosse er nøgd med skytinga, men meiner framleis ho kan bli endå betre. Ho vann klasse K19 både i normaldistanse og sprint.
Silje Fosse er nøgd med skytinga, men meiner framleis ho kan bli endå betre. Ho vann klasse K19 både i normaldistanse og sprint.
Tobias Nyborg skaut berre tre bom på normaldistansen, og gjekk styggfort i løypa. Han vann M19-klassen soleklart.
Tobias Nyborg skaut berre tre bom på normaldistansen, og gjekk styggfort i løypa. Han vann M19-klassen soleklart.
Med god skyting og raske ski gjekk Bjørnar Fosse Vaksdal til topps i 14-årsklassen i skiskyting laurdag.
Med god skyting og raske ski gjekk Bjørnar Fosse Vaksdal til topps i 14-årsklassen i skiskyting laurdag.
Bjarte Mørkve (IL Eldar) på veg ut etter glitrande skyting. Det heldt til andreplass laurdag.
Bjarte Mørkve (IL Eldar) på veg ut etter glitrande skyting. Det heldt til andreplass laurdag.

- Respekt, Silje! Dette var rein utklassing. Eg er imponert over løpet ditt, og du fortener å gjera det bra, sa den blide vinnaren av andreplassen, Elise Skeide Bakke frå Eid IL.

16 treff (1+2+0+1) er det beste Silje Fosse har skote på lenge.

- Det kjem seg, men det kan alltid bli litt betre, seier vestlandsmeisteren sjølv.

Heim til Voss

Hålandsdal Idrettslag skulle eigentleg halda landsdelsmeisterskap for Hordaland og Sogn og Fjordane på Bygdastølen i Fusa. Men snømangel gjorde at dei laut trekkja til Voss, der skiskytarane gjekk normaldistanse laurdag og sprint sundag i Voss ski- og tursenter.

- Det er det beste alternativet, og Voss skiskyttarlag har hjelpt til. Det har blitt eit dugnadsrenn, og mange lag har delteke, sa Egil Gjelland. Han sjølv var funksjonær for heimeklubben sin Hålandsdal IL, denne helga i heimbygda Voss.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Veldig gode forhold her i dag, seier Gjelland.

18 treff

Sol, vindstille og høveleg kaldt gav gode og like vilkår for dei bortimot 200 unge skiskytarane laurdag. Vestlandsmeistrane fordelte seg på Kvam, Hålandsdal, Vik, Voss, Stårheim, Markane, Hardbagg og Odda. Men av lokale utøvarar gjorde også Eldar-skiskyttarane seg gjeldande, og særleg på standplass. Speaker Tore Nyborg kalla Bjarte Mørkve for «skytemaskina frå Eldar», med to gonger fem treff på liggjande, og to gonger fire treff på ståande. Den skytinga var det ingen andre som kunne hamla opp med. Bjarte Solvang frå Hålandsdal IL var likevel raskare i sporet, og Mørkve vart nummer to i seniorklassen. Bjørn Haugo Herfindal (Voss SSL/Team Gladlaks) vann M20-21 framfor lagkameratane Sindre Hirth og Arild Fosse. Og Tobias Nyborg sikra seg ein soleklar siger i klasse M19, med god skyting og høg fart i sporet.

Best i vest

I sprint-rennet sundag vann Arild Fosse (Voss skiskyttarlag) framfor Sindre Hirth og Bjørn Haugo Herfindal. Sprint-vestlandsmeister vart også Silje Fosse (Voss Skiskyttarlag/Team Gladlaks). Ho hadde to bom, men sterk tid i sporet. I dei yngre klassane fekk Marte Tveite (Eldar IL) ein sterk 2. plass i J12. Loke Lyngsgård (Voss SSL) gjekk raskt og sikra seg 2. plass i klass G13 både normal-distanse og sprinten.