RASKT RYDDA: Bogetunnelen var stengd 15-20 minutt i dag tidleg, men er no open att. Foto: Marita Saue Hamre

Stein i vegbanen stengde Bogetunellen

Bogetunellen på E16 vart stengd klokka 07.04 i dag tidleg, grunna stein i vegbanen.

Det er Statens vegvesen som melder dette på Twitter.

Men alt før klokka halv åtte var tunnelen rydda, og open att for trafikk.

Bogetunellen ligg i Vaksdal kommune, og er tunellen som fører E16-trafikken frå Bergen inn mot avkøyringa til tettstaden Vaksdal.