RYKTE UT: Brannvernet i Grimo, Jondal og Odda rykte ut til brannen. Biletet er frå arkivet, og nytta som illustrasjon til saka. Foto: Lars Olve Hesjedal

Einebustad brann ned på Utne i Hardanger

Ein bebuar vart evakuert frå huset, som vart overtent laurdag ettermiddag.

Brannvesenet fekk melding om brann i ein einebustad i Lerkeholene på Utne laurdag klokka 15.56.

Alt før mannskapa frå brannvesenet var kome fram til huset var det overtent.

– Bebuaren i huset kom seg trygt ut og er uskadd. Huset er overtent og så godt som tapt, seier Morten Frantzen hjå 110-sentralen.

Like etter klokka 20.30 melde vakthavande hjå 110-sentralen at brannen er sløkt.

Mannskap frå Grimo, Jondal og Odda vart kalla ut til brannen.

Held vakt utover kvelden

Brannvesenet held vakt ved huset utover kvelden og natta.

På brannstaden er det skumlagt, slik at brannen ikkje skal blussa opp att.

– Ikkje fare for spreiing

Ifylgje Frantzen er det ikkje fare for spreiing verken til andre hus eller i terrenget.

– Terrenget er relativt vått, så det er ikkje fare for at det skal ta fyr.

– Veit de årsaka til brannen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, det veit me ikkje endå. Det vert opp til politiet si etterforsking å finne ut av.

Den fyrste meldinga om brannen kom frå ein nabo.