annonse

Brann i omsorgssenter på Dale

BRANN
BRANN: Det har vore brann i eit rom på omsorgssenteret på Dale. (Foto: Jan-Egil Dyvik)

Det har vore brann i eit pasientrom på omsorgssenteret.

Marita Saue Hamre Jan-Egil Dyvik

Klokka 10.38 onsdag melder Vest politidistrikt at det har vore brann på omsorgssenteret på Dale.

– Det vart opne flammar på eit pasientrom. Det vart fort sløkt, og ingen kom til skade i hendinga, seier Heidi Johansen hjå Voss lensmannsdistrikt.

Ein person fekk tilsyn av ambulansepersonell. 

Saka vert etterforska

Politiet er på staden.

– Saka vert etterforska, opplyser politiet. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse