Gå til sidens hovedinnhold

Brannutrykking til Regnbogen

Artikkelen er over 10 år gammel

Voss Brannvern rykte i 13-tida laurdag ut til Regnbogen Natur- og Kulturbarnehage i Brynaskogen.

Til alt hell viste det seg å vera ei unødvendig utrykking. Det var ingen brann å finna.

- Det er berre brannalarmen på vaskerommet som har løyst seg ut. Årsaka kan vera vaskemiddel, opplyser brannsjef David Skjerven til Hordaland.

Voss Brannvern rykte ut med to bilar og ein del mannskap. Desse kunne returnera til brannstasjonen etter kort tid.