VAR STENGD: Stalheim- og Sivletunellen var stengde i ein kort periode tysdag kveld. Foto: Lars Olve Hesjedal

Brannvernet rykte ut, tunellar var stengde på E16

Stalheim- og Sivletunnelen var stengde grunna røykutvikling frå eit vogntog tysdag kveld.

– Tunell er stengd grunna røykutvikling frå vogntog. Naudetatar er på veg, skriv Vest politidistrikt på Twitter kl. 19.59 tysdag. Vegtrafikksentralen vest melde at både Stalheim- og Sivletunnelen er stengde i begge retningar.

Fann ikkje vogntoget

Då brannvernet kom til staden, fann dei ikkje noko vogntog.

– Det var tomt i tunellen, seier varabrannsjef i Voss brannvern, Geir Ove Pedersen.

Det viste seg at vogntoget hadde køyrt frå staden.

– Det heile var nokså udramatisk. Det hadde oppstått røykutvikling frå bremsene. Men dette hadde sjåføren fått ordna og han køyrde vidare, seier Pedersen.

Les også
Bussen skulle sleppa forbi lastebil – enda i grøfta