- Briller er KULT!
Før Halldor (8) fekk briller såg han «syner» når han las. - Mange born veit ikkje om at dei ser dårleg, seier optikar Hedvik Røhnebæk.
Dei siste åra har det har blitt meir og meir populært med briller hjå born, seier optikar Hedvik Røhnebæk.
- Berre for nokre år sidan var det mange born som tykte det var «heilt krise» å få briller. Men no er det heilt annleis! Me opplever faktisk at born lèt som om dei ser dårleg, fordi dei har så lyst på briller! Det er veldig stas, seier ho.
SLIT DU PÅ SKULEN? Då kan det henda at du har dårleg syn. Og mange born som ser dårleg veit ofte ikkje om det sjølve. Du kan få vondt i hovudet av å lesa, eller ha problem med å konsentrera deg på skulen.
- Det er ikkje lett å vita kva som er normalt med synet når ein har born. Mange trur det er normalt å sjå dobbelt etter å ha lese i fem minutt. Men det er det ikkje, seier optikar Hedvig Røhnebæk.
Ho veit om fleire born som har hatt store problem på skulen på grunn av feil på synet. Mange har dårlegare leseferdigheiter enn andre i klassen.
- Du kan få vondt i hovudet når du les, eller du kan få «tåkesyn». Det kan også henda at bokstavane byrjar å røra seg på arket når du har lese ei stund. seier Hedvig.
VANSKELEG Å OPPDAGA. Ho fortel at mange born lærer seg «triks» for å sjå betre. Derfor er det av og til vanskeleg å oppdaga når skuleborn har dårleg syn.
- Nokon lukkar det eine auget heilt automatisk når dei les. Andre held boka veldig nært andletet. Det er eit teikn på at ein treng briller, seier ho.
I tillegg til å ha dårleg syn, kan ein også ha noko som heiter samsynsfeil. Det betyr at augo har problem med å jobba i lag.
- Sjølv om du ikkje ser dårleg, kan augo verta veldig slitne av å jobba så hardt heile tida, seier Hedvig.
Artikkelen held fram under annonsen.
TRENING FOR AUGO. Om ein har samsynsfeil, kan ein trena opp augo til å jobba betre i lag. Treningsprogrammet kan du få hjå ein optikar.
- Det som er så flott med denne treninga, er at om du gjer det, så held det resten av livet. Det er ikkje det same som å trena kroppen på andre vis, der du må trena litt heile tida for å halda deg i form. Om du har augetrening i nokre månader, så held det seg slik, seier ho.
SPØR! Mange born går gjennom heile barne- og ungdomsskulen med dårleg syn utan at det vert oppdaga.
- Det er kanskje lett å tenkja at ein berre er dårleg til å lesa, og ikkje at det er noko feil med augo. Dette kan vera frustrerande og vanskeleg for både foreldre og born, seier Hedvig.
Her meiner ho at foreldre og lærarar må vera flinke til å spørja borna.
- Om ingen spør deg om du har problem med synet, så er det heller ikkje lett å koma på det sjølv. Men om ein plukkar det opp, kan det verta mykje lettare for deg på skulen, seier ho.