SNØ: Slik ser det ut laurdag kveld over Hardangervidda. Her frå Dyranut klokka 21.05 laurdag. Foto: vegvesen.no/Webkamera

– Bruk vinterdekk dersom du skal over fjellet

Det er meldt sluddbyer og snø i fjellet det neste døgnet. Vegtrafikksentralen kjem med ei oppmoding.

Laurdag kveld oppmodar Vegtrafikksentralen vest bilistar som skal over fjella i Sør-Noreg om å bruka vinterdekk.

– Det er meldt sluddbyer og snø i fjellet. Me oppmodar om vinterdekk, og at de reknar god tid, skriv dei på Twitter.

GULT FAREVARSEL: Det er sendt ut gult farevarsel i Sør-Noreg. Foto: Meteorologene på Twitter

Gult farevarsel

Det er sendt ut gult farevarsel for snø i fjellet i Sør-Noreg.

Farevarselet gjeld frå laurdag og til tidleg sundag.

Det er venta snøbyer over 1000 til 1200 meter.

Les også
Turfylgje fast i fjellet: – Dei er svært kalde og våte
Les også
Mista lasta på E16: – Ei god smørje av øl og sjokolade