Sagbruket er sentralt plassert i Granvin, og får denne vinteren betre brannsikring i form av sprinklaranlegg.
Sagbruket er sentralt plassert i Granvin, og får denne vinteren betre brannsikring i form av sprinklaranlegg. Foto: Leif Kåre Havås

Byggjer vasstank for brannsikring

Moelven Granvin Bruk har starta arbeidet med å byggja vasstank på eigedommen sin, og skal få på plass sprinklaranlegg i alle produksjons­lokala sine.

– Å få på plass sprinklaranlegg er eit prosjekt me har arbeidd med i mange år, opplyser administrerande direktør Ørjan Kalsaas. Fram gjennom hausten og vinteren skal det byggjast vasstank og pumpeanlegg som kan forsyna anlegget, og sjølve sprinklaranlegget skal monterast i saghallen og dei andre produksjonslokala. Høvleriet ved sagbruket har sprinklaranlegg frå før. Berre kontor og administrasjonsbygg vil verta utan slikt anlegg.

Tank og pumper

– Me er i gang med å leggja ned røyr og gjera grunnarbeidet til vasstanken, ein tank som rommar 450.000 liter vatn. Moelven fekk midlar til dette som ein del av overtakingsprosessen i si tid. Me har hatt ein del anbodsrundar på eit slikt anlegg, men prisane har lege svært høgt, seier Kalsaas. Han forklarar det med den tids store aktivitet i oljebransjen.

– No har me fått meir fornuftige prisar, og får ei samla investering på rundt sju millionar kroner.

Frå Granvin herad har sagbruket fått overført tilskotet på 2,5 millionar kroner som har vore sett av til dette føremålet i lang tid.

– Sjølve tanken kan me verta ferdige med i slutten av oktober. Heile arbeidet med sprinklinga er truleg ferdig i slutten av februar.

Tilløp til brann

Granvin Bruk har opplevd brann i ei trelastturke for ein god del år sidan, og har seinare også hatt tilløp til brann.

– Seinast i 2017 hadde me ein brann, som me klarte å sløkkja i starten. Anlegget me no byggjer vil vera med å sikra drifta. Sagbruk er generelt risikoanlegg med tanke på brann, seier Kalsaas.

I byggjeløyvet for vasstanken har heradet teke høgde for at vassmengda som skal hentast frå det kommunale nettet skal regulerast slik at mengda som vert tappa skal gje 100 kubikkmeter over 90 minuttar. Dette vert gjort for å hindra at leidningsnettet skal verta overbelasta og kollapsa, går det fram av saka.

Sigrid Seim