SMITTE VED BYGDAHEIMEN: Ein person so bur ved Bygdaheimen i Eidfjord har testa positivt for koronavirus, og kommunen jobbar no med smittesporing. Sjukeheimen er mellombels stengd. Foto: privat foto

Covid-19-smitta ved Bygdaheimen i Eidfjord

Ein bebuar ved Eidfjord bygdaheim har testa positivt for Covid-19. Sjukeheimen er stengd inntil vidare.

Det melder ordførar i Eidfjord, Anders Vatle, i ei pressemelding laurdag ettermiddag.

Fyrste som bur i Eidfjord

Etter det Hordaland kjenner til er dette den fyrste personen som bur i Eidfjord, som er vorten smitta av koronaviruset. Tidlegare har ein person med bustadadresse i Eidfjord testa positivt for covid-19, men personen var ikkje i Eidfjord då han var smitta, og er heller ikkje i Eidfjord no.

– Me er i gang med smittesporing og kartlegging av nærkontaktar. Nærkontaktar vil verta kontakta av smittesporingsteamet i løpet av kort tid og vil få informasjon om korleis dei skal forhalda seg til karantene eller eventuell ventekarantene, seier ordføraren i meldinga.

– Inntil vidare er Bygdaheimen stengd for besøk, skriv Vatle vidare.