annonse

Desse vegane får nye vegnummer

NYE VEGNUMMER
NYE VEGNUMMER: I området rundt Voss får vegane merka i blått nye vegnummer i løpet av sommaren og hausten. Sjå full oversikt på vegvesen.no. (Foto: vegvesen.no)

I løpet av sommaren har mellom anna fylkesveg 13 fått nytt vegnummer.

Marita Saue Hamre

Endringa er eit resultat av regionreforma, og skal sikra at alle vegar framleis kan identifiserast når fylkesgrensene blir flytta frå nyttår.

I vårt distrikt har mellom anna fylkesveg 13, mellom Kinsarvik og Kvanndal fått nytt nummer.

– Det nye vegnummeret for strekninga er no 550, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Fylkesveg 315 over Ringheim på Voss får vegnummer 5402.

Fylkesveg 314 over Hamlagrø på Voss får vegnummer 5400.

Fylkesveg 308 over Kyte på Voss får vegnummer 5388.

Kvart punkt skal kunna identifiserast

Torgeir Bøyum jobbar ved regionvegskontoret på Leikanger, og har ansvaret for det digitale vegnettet i Nasjonal VegDataBank (NVDB).

– Alle punkt på det offentlege vegnettet i Noreg skal kunna identifiserast ved hjelp av ein vegreferanse, forklarer han.

Systemet er basert på at vegar har ein kategori (Europaveg, fylkesveg, osb.) og eit nummer.

Deretter kan dei delast opp ved hjelp av parsellar og metreringsnummer.

– Slik systemet fungerer i dag, må ein i tillegg veta kva fylke ein fylkesveg ligg i for å identifisera han – fylkesnummeret er ein del av vegreferansen. Difor kan same vegnummer finnast i fleire fylke, og vegen kan skifta nummer når han kryssar fylkesgrensa. Med dei nye fylkesgrensene kunne ein difor fått to vegar med same nummer innanfor eitt fylke.

Les òg:

Over 900 nye namn i vest

I løpet av sommaren og hausten 2019 får rundt 3500 fylkes- og riksvegar rundt om i landet nye vegnummer.

Over 900 av desse vegane går gjennom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse