Rasstaden: Slik ser det ut på rasstaden mellom Ulvik og Osa fredag, dagen etter raset. Foto: Terje Hjartnes

– Det er alltid litt ekkelt her

Lars Osa Brattli var den fyrste som kom til rasstaden ved Osafjorden.

– Det er jo ikkje fyrste gongen det rasar her, så med slikt vêr det ligg alltid i bakhovudet at her kan koma ras. Og då er det alltid litt ekkelt å passera her med bil, seier han.

BRATT: Vegen mellom Ulvik og Osa går langs fjorden, og med bratte fjell rett ved sidan av vegen. Foto: Lars Osa Brattli

Brattli filma rasstaden:

Brattli opplyser at han kom til staden like etter klokka halv tre torsdag, men at det då hadde rasa seg ferdig.

– Eg høyrde ingen steinar som fall, såg heller ingen rørsler i fjellsida, seier han til Hordaland.

Les også
Ulvik herad har sett krisestab

Nedom Øydvinstod

Lokalt vert rasstaden omtala som «nedom Øydvinstod», seier Brattli, som er busett i Osa, og jobbar som lærarvikar på Brakanes skule i Ulvik.

– Eit stykke bak meg kom forresten skulebussen. Så eg fekk i alle fall stogga den, før han var framme ved staden. Dermed slapp bussen å rygga den lange vegen tilbake, seier Lars Osa Bratteli.

ØYDELAGD: Vegen er hardt råka av raset. Folk på staden seier vegen vart endå meir utvaska i timane etter raset, enn slik situasjonen er på dette biletet. Foto: Silke Hein

Sjølv om det ser dramatisk ut på den utrasa vegen, er Vegtrafikksentralen viss på at her ikkje har gått bilar eller folk i raset.

Men altså: ei rekkje personar, både unge og eldre, var altså på «feil» side av raset då det gjekk, og fekk ein lang omveg heim att torsdag.

- Trygt under dyna

Ranja Børilden Sjøvoll og Ingebrigt Polden hadde to born av garde til Ulvik torsdag, Ylva (9) i skulen og Storm (5) i barnehage.

– Men dei kom seg trygt heim med båten Ulvik herad sette opp frå Hjeltnes. Ein heilt udramatisk tur, etter det dei sjølv fortalde då dei kom heim, seier pappa Ingebrigt Polden.

– Og no ligg dei begge trygt under dyna. Så dermed er heile familien samla att, og alt vel!

Familien vil òg vera samla heile morgondagen, for det vil ikkje verta sett opp båtrute frå Osa for skule- og barnehagebarn i morgon, kan Polden fortelja.

Les også
Ras mellom Ulvik og Osa