FORSEINKING: Arna stasjon i dag tidleg. Ein signalfeil gjorde at 06.59-toget til Voss vart ein halvtime forseinka. Sidan har feilen fått større konsekvensar for togtrafikken. Foto: Lars Olve Hesjedal

Signalfeilen på Arna stasjon er retta

Natt til måndag oppstod ein signalfeil på Arna stasjon. Den har fått fleire konsekvensar for togtrafikken dei siste dagane. Men tysdag kveld er feilen retta.

Dette melder Bane Nor tysdag kveld:

«Arbeidet med feilretting og kontroll av anlegget er no i innspurten. Me regner med å opna strekkja for normal trafikk i løpet av kvelden».

Seinare vart det stadfesta at dette var i orden, og sidan har togtrafikken gått som normalt.

Bakgrunn:

– Det har sidan feilen oppstod, vore jobba intensitvt å for å lokalisera han. Førebels uten å lukkast, seier pressevakt Bård Bjerkaker i Bane Nor til Hordaland tysdag føremiddag.

Buss frå Arna til Bergen

Både måndag og tysdag var det fleire forseinkingar for togtrafikken på morgonkvisten. Måndag kom toga etter kvart i rute.

Men i dag, tysdag, gjekk det verre.

– Me har diverre måtta innstilla alle lokaltog i dag, tysdag. Førebels gjeld dette ut dagen.

Vy har oppretta alternativ transport for dei reisande.

Oslo-tog slepp forbi

– Ingen avganger mellom Voss og Arna vert innstilte som fylgje av signalfeilen, men det kan verta forseinkingar som ein fylgjefeil av signalfeilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når det gjeld fjerntog frå Oslo til Bergen, vil desse verta sleppt igjennom på Arna stasjon.

– Men dei vil då gå med redusert hastigheit gjennom Ulrikstunnelen, slik reisande har lagt merke til dei to siste dagane, legg Bjerkaker til.

TOG OG BUSS: Toga mellom Voss og Arna går som normalt. Men i hovudsak må du ta buss om du skal vidare til Bergen. Foto: Lars Olve Hesjedal